Takk!

I samband med arbeidet med denne digitale boka er det mange å takka. Her kjem ein kort presentasjon av dei som på kvar sin måte har bidrege til å gjera dette prosjektet mogleg.

Først av alt ynskjer me å rette ei stor takk til ALLE KJELDENE
som har medverka til denne boka, og som har delt sine songar gjennom tidene med ulike innsamlarar. Utan denne rausheita hadde me ikkje hatt ein tilgjengeleg folkesongskatt å ause av.

REIDUN HORVEI (f. 1958) er utdanna songpedagog og utøvande songar ved Bergen Musikkonservatorium, no Griegakademiet. Ho har i ei årrekkje arbeidd som frilans utøvande songar og har hatt mange turnear for Rikskonsertane og turnert i inn- og utland innan ulike sjangrar, både med klassisk musikk, ny musikk, vise- og folkemusikk. I 1992 vart ho tilsett som fylkeskvedar i Hordaland- ei stilling som ho framleis er tilsett i. Reidun er ein kreativ og handlekraftig person som har gjennomført mange ulike prosjekt og sceniske framsyningar i ulike stilartar. Ho har gitt ut fleire CD-innspelingar. Ikkje minst er det verd å nemna utgjevinga «Hundrad folketonar frao Hardanger» av Geirr Tveitt, ein dobbel- CD som Reidun og pianisten Geir Botnen publiserte på Simax i 1996. Med dette vart eit særs viktig dokumentarisk arbeid gjort tilgjengeleg for ålmenta.

Reidun har også skrive mange artiklar i ulike tidsskrift og aviser om folkesongen i Hordaland, og i 1998 gav ho ut bokverket Folkesongar i Hordaland. Dette er eit stort arbeid med nedteikningar av notar, lydopptak/arkivopptak, kjeldeopplysingar og informasjon om innsamlarar i tillegg til opplysing og kunnskap om folkesongen generelt. Verket vil verta ståande som eit av dei viktigaste læreverka om folkesongen i fylket.

Horvei har gjennom åra arbeidd med innsamling, nedteikning, arkivarbeid, opplærings- og formidlingsarbeid av vår viktige immaterielle kulturarv. Me er takksame for arbeidet som ho har gjort og at me får høve til å nytta informasjon frå boka hennar Folkesongar i Hordaland i utarbeiding av vår eiga digitale folkesongbok.

EINAR MJØLSNES (f. 1952) er hardingfelespelar frå Voss. Han har arbeidd som fylkesmusikar i Hordaland frå 1992 fram til han gjekk av med pensjon. Einar er utdanna ved Bergen og Veitvet Musikkonservatorium, og har studert hardingfelespel m.a. hjå Sigbjørn Bernhoft Osa. Han byrja folkemusikk-innsamlingsarbeid på eige initiativ i 1979 der han samla songar etter Margreta Opheim (1907-1997) frå Vossestrand. Dette arbeidet førte seinare til boka Songane hennar Margreta og det vart gjeve ut kassett med opptak. Einar Mjølsnes har også arbeidd som komponist og arrangør og har samarbeidd med svært mange musikarar og songarar. Han har drive eit omfattande opplæringsarbeid med omsyn til slåttemusikk. Hans brilliante hardingfelespel kan vi høyre på mange plater og CD-ar. Han har mellom anna gjeve ut fleire CD-ar med Nordhordlandslåttar. Her får Mjølsnes på ein framifrå måte dokumentert kysttraktene i Hordaland sin slåttetradisjon. Einar har turnert i inn- og utland. Han har gjeve svært mange konsertar og medverka på ei røys med innspelingar saman med ulike artistar. Ikkje minst på «Strilesølv», «Ro, ro te Siraland» og «Kvilestein» med Kjersti Møllerup Wiik har Einar gjort ein framifrå innsats som musikar og arrangør. Han har nedteikna mykje musikk, og har vore knytt til Arne Bjørndals Samling i Bergen og Ole Bull Akademiet på Voss. Som utgjevarar av den digitale folkesongboka er vi utruleg takksame for at vi får nytta nokre av hans nedteikningar i boka Folkesongar i Hordaland som Reidun Horvei gav ut i 1998.

SIGBJØRN APELAND (f. 1966) er utdanna kyrkjemusikar og etnomusikolog. Han arbeider til vanleg som førsteamanuensis ved Griegakademiet, Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen, der han har ansvaret for Arne Bjørndals Samling. Sigbjørn er også ein aktiv utøvar, særleg innan kyrkjemusikk, folkemusikk og improvisasjonsmusikk. I samband med denne boka er me svært takksame for alt Sigbjørn har leita fram for oss frå arkivet!

LAILA KOLVE (f. 1968) kjem frå Voss og har si musikklærarutdanning frå høgskulen i Bergen, samt  instrumentalistutdanning frå Griegakademiet. Ho har spesialisert seg innan tidlegmusikk og folkemusikk med fløyter som hovudinstrument. Laila har jobba som musikar for Rikskonsertane, Den Nationale Scene i Bergen, Det Vestnorske Teateret, samt delteke på mange innspelingar og konsertar gjennom meir enn 20 år som frilansar. Over mange år har ho samarbeidd med songaren og tradisjonsberaren Kjersti Møllerup Wiik. Saman har dei to turnert i skular og barnehagar og formidla lokale folketonar. Dei har også gjort svært mange kyrkjekonsertar saman, samt fire CD-ar der Laila har medverka. Laila arbeider til dagleg som arrangementssjef i Bergen kulturskole. Me takkar for hennar vakre fløytespel!

BJØRN SCHILLE (f. 1985) er fødd og oppvaksen i Kvinnherad. Han har tatt bachelor i klassisk gitarspel ved Griegakademiet i Bergen og master i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han har også studert pedagogikk ved Norges musikkhøyskole. Bjørn har arbeidd med gitarundervisning frå 2009 og er no tilsett som gitarpedagog i Alver kulturskule. Han utøver mykje på akustisk gitar og 7-strengs «hybrid-gitar». Me takkar Bjørn for inspirerande gitarspel, og også for lydopptak og teknisk bistand i samband med denne utgjevinga.

MARTA ROSTECKA (f. 1985) er fødd i Polen og er utdanna målar, illustratør og kunstlærar. Ho fullførte master i kunstutdanning innan biletkunst ved Uniwersytet Opolsky i 2012. Marta jobbar til dagleg som kunstpedagog i Alver kulturskule, der ho har vore tilsett i 5 år. Som kunstnar og instruktør samarbeider ho med ulike skular og institusjonar som til dømes Barnas Hus i Bergen og Den kulturelle bæremeisen. Ho arbeider også ved Ny-Krohnborg skole og ved St. Paul skole i Bergen. Det er nokre av hennar elevar innan visuell kunst i Alver kulturskule som har laga teikningane som prydar boka vår. Me takkar for hennar positivitet og bidrag i samband med prosjektet, og for at ho tok borna med på ei visuell reise i den lokale klingande barnekulturen vår.

EI STOR TAKK også til dei unge kunstnarane i Alver kulturskule som har gjeve oss så vakre illustrasjonar: Alexa Cristea, Ellisiv Westermoen, Gunnhild Sandhåland, Hedda Olea Hovemoen, Isabell Adriana Røssland, Jahzara Walde, Jone Palmesen og Sunniva Westermoen.