Føreord

Velkomen til barnesongboka i Strilakultur.no. Dette er ei digital folkesongbok som vi håpar vil verta mykje brukt og til glede og inspirasjon i skulane, barnehagane og heimane.

Grunnen til at vi skriv denne boka er at vi ynskjer å gjere lokal kultur tilgjengeleg på ein enkel måte. Å lære seg barnesongar frå Strilelandet rundt Bergen er berre eit tastetrykk unna. Å fylla den lokalkulturelle ryggsekken skal vera enkelt, og det er til og med gratis. Å ikkje ha nokon kunnskap om sin klingande lokalkultur, er for oss som å gå bakvendt og tomhendt inn i framtida. Gjennom boka ynskjer ein å spreie kunnskap om og kjennskap til klingande strilakultur. Det er vi vaksne som har ansvaret for å dele dette med oppveksande slekter. Etter mange år som pedagogar veit vi at borna er mottakelege. Dei kosar seg med gamle, spanande songar berre vi vaksne gjer alvor av å læra dei songane og syngje saman med dei.

Songane har vi delvis innsamla og nedteikna sjølve. Vi har også fått opptak frå Arne Bjørndals Samling som vi har lært oss og nedteikna. Så har vi fått løyve til å hente materiale og informasjon frå Reidun Horvei si bok Folkesongar i Hordaland (Horvei, 1998). I denne samanheng har felespelar Einar Mjølsnes gjort eit stort notasjonsarbeid. Når du no brukar boka vår, er det viktig å understreke at du kan skrive ut notar, informasjon etc. til eige bruk og til undervisning, men ikkje bruke noko av innhaldet kommersielt utan løyve frå utgjevarane.

Samfunnet vårt er stadig i endring. Vi som står bak denne digitale folkesongboka opplever at det er viktigare enn nokon gong å ta vare på, skapa merksemd om og medvit kring det at strilane også har sin eigen songkultur. Denne går mange hundre år attende i tid. Den har utvikla seg både tonalt og rytmisk. Innhaldet har endra seg. Det er slik folkekulturen er. Stadig i støypeskeia. Det er først frå 1950-talet og framover at moderne opptaksutstyr gjorde det mogleg for svært mange å ta lydopptak av kjelder. I 1830-åra byrja Olea Krøger og Ludvig M. Lindeman med fleire å nedteikne folkesongar. Det var den gongen songen munnleg gjekk frå generasjon til generasjon. Frå munn til øyre og til munn igjen. Kvart menneske har sunge det ein har hugsa. Så har ein flytta, vore ein tur til Bergen etc. og gjerne lært nokre nye songar under vegs. Det var neimen ikkje sikkert at ein hugsa dei nøyaktig når ein kom heim. Då vart det gjerne laga til noko så det passa i hop. Slik har songen utvikla seg til ulike variantar. Også innom same geografiske området.

Vi som gjev ut denne boka har også songar vi har lært på «husken». Dette er songar som forfedrene våre har lært oss. Dei har vore ein naturleg del av vår oppvekst. Andre har kome til oss seinare. Så skulle vi til å nedteikne dei metrisk i notesystem. Kjeldene song gjerne ikkje gjennomført rytmisk slik vi gjer i dag. Dei moderne rytmane kom langt uti det 20.århundre. Dette er ei utfordring når ein skal lære noko vidare. Vi må notere ting slik at det fungerer i kvardagen i skulen, barnehagen og i heimen. For komplisert notebilete gjer at vi lett misser motet til innlæring. Difor har vi også gjort enkle opptak av songane. SYNG MED OG LÆR. Vi har også krydra nokre av songane med Bjørn Schille sitt gitarspel og Laila Kolve sine trillande fløytetonar. Dette for å få litt lydvariasjon.

Mange av songane er illustrert av elevar i visuelle kunstfag i Alver kulturskule. Vi er så glade for at læraren deira, Marta Rostecka, tok utfordringa og fekk borna med på denne visuelle reisa i folkekunst.

Boka vår er ganske enkelt inndelt. Som brukar klikkar du deg inn på menyen og vel kva du vil gjere. Du vil finne ei innhaldsliste som viser kva songar som til ei kvar tid er lagde inn i boka, kvar dei kjem frå og kven som har vore kjelder. Så kan du gå inn på kvar song og finne notar og tekstar. Desse kan du skrive ut. Du finn enkle lydopptak som gjer innlæringa for pedagog/elevar enklare. Det er ofte skrive litt ekstra informasjon om barnesongen ein høyrer på. Så vil du få opp opplysningar om kven kjelda er. Det er mange spanande liv vi har møtt på i dette arbeidet. Det set songane i nytt perspektiv å også kjenne litt til kjelda.

I boka vil de også finne litt fagstoff kring strilesongen og folkekulturen generelt. Litt bakgrunnsinformasjon er alltid godt å ha både som lek og lærd. Ikkje minst å kjenne til ulike innsamlarar som har lagd grunnlaget for at vi i dag har restar etter ein stor kulturarv.

Vi må få takke dei som økonomisk har trudd på vår ide om å lage denne digitale boka. Først og fremst må vi få takke Minnefond etter Bygdelaget Nordhordlendingen i Bergen, stifta av Arne Bjørndal, for raus stønad. Gjennom dette nye minnefondet, kan ein søkje og få midlar til fremjing av folkesongen, folkemusikken og dansen frå Nordhordlandsregionen. Vi takkar også Vestland fylke for økonomisk støtte og ikkje minst Alver kommune.

De vil også finne eit avsnitt der det står ein del om personar som har vore til uvurderleg hjelp for oss i arbeidet med boka. Takk til Reidun Horvei som i 1998 gav ut praktverket Folkesongar i Hordaland, meisterfelespelaren Einar Mjølsnes for sitt notasjonsarbeid og Sigbjørn Apeland ved Arne Bjørndals Samling ved Universitetet i Bergen som har delt gamle opptak og informasjon med oss. Fløytespelar Laila Kolve har svært god kjennskap til kystkulturen gjennom si utal turnear og konsertar på Strilelandet saman med Kjersti. Takk til Bjørn Schille for entusiasme, lydopptak og gitarspel. Sist men ikkje minst takk til pedagog og kunstnar Marta Rostecka som har teke born i Alver kulturskule med på ei visuell reise i den lokale klingande barnekulturen vår.

Til slutt vil du finne oversikt over utgjevarane og vår bakgrunn, samt ei litteraturliste.

Dato, Skurtveit/Knarvik 01.09.2020

Linda Røyseth Sandhåland
Redaktør

linda.royseth@online.no
Mob: (+47) 952 07 796

Kjersti Møllerup Wiik
Redaktør

post@kjerstiwiik.no
Mob: (+47) 926 63 920

 
Kjersti-og-Linda-2018.jpg