Nye tider og songen endra funksjon

Etter 1950-talet skjedde det store endringar i samfunnet. Det gamle fiske- og bondesamfunnet vart modernisert. Dei første traktorane kom og seglskuter og robåtar vart bytt ut med dampbåtar på kysten. Songar knytt til arbeid vart overflødig når moderne maskiner overtok for arbeidet som før vart utført med hendene. Ein var ikkje avhengig av å syngja for å halda jamn rytme i arbeidet når boremaskiner overtok for sleggje og kile, eller når kol og damp erstatta roing og heising av segl.

Dampbåtane kunne frakta folk og varer inst i fjordane og varer attende til byen. Kaiane langs kysten vart nye samlingsstadar og frå at folk tidlegare budde spreidd, vart det også på bygdene etablert tettstadar nært kaiane då det var enklare å halda kontakt med det moderne samfunnet om ein budde nært kommunikasjonsmidla. Her kom det etter kvart også industribedrifter, ein liten verkstad for landbruksreiskapar, båtbyggjeri og liknande (Døssland m.fl, 1999). Då maskiner overtok ein del av menneskeleg arbeidskraft, fekk folk arbeid på fabrikkar og verkstadar i staden for på garden. Såleis flytta folk meir på seg.

Når menn og kvinner fekk arbeid utanfor heimen, vart det også vanskelegare å ta seg av gamle og sjuke heime. Dette vart overført frå heimane til det offentlege ved etablering av gamleheim/sjukeheim. Det vart etter kvart mindre vanleg at fleire generasjonar budde saman, og kontakten mellom besteforeldre og barneborn endra seg. Samfunnet vart meir travelt og ein måtte retta seg etter klokka i staden for sola. Det vart mindre tid til å setja seg ned i ro og mak for å syngja, og sjeldnare vart det sunge på tvers av generasjonar då folk ikkje budde saman.

Ein fekk også elektrisitet, og TV og radio vart vanleg i heimane. Impulsar og moderne musikk utanfrå nådde raskare fram, og dei gamle songane mista funksjonen som underhaldning. Me gjekk frå å vera produsentar og berarar av kultur til å verta konsumentar. Alt kunne kjøpast; også song og musikk.

Denne utviklinga har halde fram heilt til våre dagar. Me har mobil og nettbrett og kan vera pålogga digitale musikkplattformar kor me er og kor tid me vil. Me ser likevel at mange av barnesongane har halde på sin opphavlege funksjon, då foreldre og besteforeldre framleis tek borna på fanget og syng songar som dei lærte frå sine foreldre eller besteforeldre. -Men det er også mange som har gløymt desse songane og som vert minna på dei att når nokon andre syng noko som liknar. Me håpar derfor at denne boka også kan inspirere nokon til å henta fram att sin versjon av ein song.