Slik kan du læra folkesongar i dag

Du kan læra songar gjennom å nytta denne digitale folkesongboka. Dette er vårt bidrag til å gjera songane lettare tilgjengeleg for folk i dag. Dersom du skulle få lyst til å læra enno meir, går det ann å lytta til folkesongar frå vårt område på CD-ar som er utgjeve eller som er tilgjengelege på musikkstraumetenester som Spotify. I boka Folkesongar i Hordaland (Horvei, 1998) kan ein lesa meir utfyllande om ulike sjangrar innanfor den vokale folkemusikken, samt lytte til lydopptak med yngre og eldre folkesongarar. I boka er det også notar.

Dersom ein ynskjer å lære songar som ikkje er publisert, finst det framleis mykje informasjon om folkesong, kjelder og songar på notar og lydopptak på arkiva etter innsamlarane våre. Du kan ta kontakt med til dømes Arne Bjørndals Samling eller Norsk Musikksamling. Der kan ein få utskrift av kva som finst frå ditt område, oversikt over ein spesiell sjanger, eller du kan sjølv vitje arkivet/samlinga for å søkje i deira arkiv. Det går stort sett ann å få kopi av notar og opptak til sjølvstudie.

Det er i Noreg også fleire utdanningsinstitusjonar som tilbyr opplæring i folkemusikk, mellom anna Ole Bull Akademiet på Voss og folkemusikkstudia ved Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Rauland (lenke).