Kort om notasjon

Når ein skal notere folkesongar ned på notar, møter ein visse utfordringar. Notasjonssystemet vårt for musikk er tilpassa eit kunstmusikalsk ideal som følgjer sine reglar, medan folkemusikken følgjer sine eigne reglar som ikkje alltid passar i dette systemet. Det er særleg den frie rytmen og kvarttonane som ligg ein stad mellom heil og halv tone på pianoet, som byr på utfordringar når ein skal skriva dei ned. Ofte er også melodiane rikt utbrodert med ornamentikk i form av «krudlar» og forslag.

I denne boka har me prøvd å få med oss særpreget til den einskilde songen, men me innser at særleg den eigne rytmekjensla me ofte finn i ein song, er vanskelegare å formidla når me skal notere den ned. Bruk av fermate-teiknet markerer ofte ei dveling ved rytmen, men me opplever at fermaten gjerne vert for lang eller for kort samanlikna med den rytmekjensla me har når me syng. På opptaka vil det nok høyra kva me meiner! Me tenkjer derfor at notar og opptak vil utfylle kvarandre. Notane gjer det enklare å innstudere ei grunnform og dei kan vera ein hugselapp for dei notekunnige, medan det er fleire detaljar som vert formidla på opptaka og som det er verdt å lytta til.