Om utgjevarane

KJERSTI MØLLERUP WIIK (f.1959) kjem frå Vik i Lindås (no Alver kommune). Ho vaks opp i eit miljø der song, musikk og litteratur var høgt skatta. Mora, Arngunna Helene Wiik (1917-1995), var organist, og faren, Hilmar Wiik (1911-1996), sulla slåttar. Ho hadde også eldre brør som trakterte ulike instrument. Kjersti vart sjølv utdanna musikklærar frå Bergen lærarhøgskule og tok hovudfag i song/vokal ved Griegakademiet i Bergen.

Kjersti har gjennom nærare 30 år vore songpedagog i ulike kulturskular, gjeve private songtimar, undervist i song ved Bergen lærarhøgskule, hatt eit utal foredrag om og kurs i vokal folkemusikk i ulike skuleslag og forsamlingar. Ho er utdanna klassisk songar og har vore solist med kor og orkester i mange store verk. Kjersti har gjeve mange romansekonsertar saman med ulike pianistar og underhalde på mange eventarrangement. Ho har turnert i inn- og utland. Ikkje minst har ho presentert lokal folkemusikk på sine turnear.

Kjersti byrja å samle inn folkesongar frå kysttraktene rundt Bergen i 1995. Meir enn 80 kjelder vart vitja og det vart gjort opptak av meir enn 700 songar. Alt dette er no lagra ved Arne Bjørndals Samling, og Lindås kommune har og ein kopi av arbeidet. Ho fekk særs god hjelp til redigeringsarbeid av sin elev, Linda Røyseth.

Kjersti har hatt eit utal skule- og barnehagekonsertar for å spreie kunnskap om og kjennskap til lokal folkesong. Ho har gjeve ut tre solo-CD-ar med lokal folkesong frå kysttraktene rundt Bergen: «Strilesølv» i 1997, «Ro, ro til Siraland» i 1999 og «Kvilestein» i 2009.

For sitt arbeid har ho mottatt Kulturprisen i Lindås, Nordhordlandsprisen, Målprisen til Alversund Mållag i 2009, kulturstipend frå Hordaland fylkeskommune og Rotary International sin høgaste pris for samfunnsgagnleg arbeid; «Paul Harries Fellow»-pris. Kjersti er saman med Linda Røyseth Sandhåland initiativtakar til å få lage ei songbok på nettet med i første omgang barnesongar frå kysttraktene kring Bergen.

LINDA RØYSETH SANDHÅLAND (F.1981) er oppvaksen og busett på Rossland i tidlegare Meland, no Alver kommune. Ho er utdanna folkesongar, song- og musikkpedagog og logoped. Utdanninga si har ho frå folkemusikkutdanninga ved Høgskolen i Telemark på Rauland, Kvedarskulen på Ole Bull Akademiet på Voss, Praktisk-pedagogisk utdanning frå Griegakademiet/ Universitetet i Bergen og logopedi frå Universitet i Bergen.

Linda arbeider i dag som logoped ved Pedagogisk-psykologisk teneste i Alver kommune, samt ho er frilans folkesongar og logoped med stemmevanskar som hovudfelt. Linda skreiv i 2006 masteroppgåve i etnomusikologi der ho analyserte verdiar og haldningar hjå eit utval profesjonelle utøvarar av norsk vokal folkemusikk. Ho fullførte også ein mastergrad i logopedi i 2011 med oppgåva «Perseptuell analyse av stemmekvalitet».

Linda er tidlegare songelev hjå Kjersti Møllerup Wiik og har mellom anna lytta gjennom og redigert alt det innsamla folkesongmaterialet hennar. Linda har fordjupa seg i den vokale folkemusikken frå kysten av Hordaland og har lært folkesongar direkte frå eldre utøvarar, frå opptak og notar.

Ho har drive som utøvande folkesongar sidan 1995. Som deltakar i vokal folkemusikk klasse C (unge opp til 18 år) vann ho ei rekkje Horda-, Vestlands- og Landskappleikar, og ho er som vaksen kvalifisert til deltaking i eliteklassa på Landskappleiken. Som frilansar opptrer ho for det meste a capella, men også i samspel med andre musikarar. Ho har lang erfaring som musikkpedagog og har mellom anna drive grupper knytt til Musikk frå livets begynnelse, undervist barn og unge i song og musikk i kulturskular, i grunnskulen, på folkehøgskule og hatt folkesongkurs for vaksne.

Linda deltek med nokre songar på CD-ane som følgjer med boka Folkesongar i Hordaland (Horvei, 1998) og på CD-en «Ro, ro til Siraland» (Wiik, 1999). Ho publiserte ein artikkel om bygdeviser, «Ei visa vil eg dikta», i Årbok for norsk folkemusikk i 2005.

Linda har motteke fleire stipend og prisar for sitt arbeid som formidlar av vokal folkemusikk, mellom anna Musikkprisen for Meland kommune i 1996, Hordaland fylke sitt utviklingsstipend i musikk i 1997, Statoilprisen for Nordhordland og Gulen i 1998, Ivar Medaas-prisen i 2001 og stipend til kunstnarar frå Sven Revolds Minnefond i 2004.