Om strilane og songen deira

Fram til 1950-talet hadde familiane på Strilelandet gjerne eit lite småbruk med nokre sauer, kyr og ein hest om dei var heldige. I eit lite hus budde mor, far, ein stor barneflokk og gjerne besteforeldre som hadde kår. Kvinnene ordna med huslege sysler som mat, kle, stell av barn og tok seg jamvel av gamle kårfolk. I tillegg tok dei seg av gardsdyra og utførte også gardsarbeid utandørs. Mennene tok seg av tyngre gardsarbeid og reiste på fiske. Fisken dei fekk rodde dei med til Bergen for å selgja på Torget, gjerne saman med gardsvarer som egg, poteter og bær. Slik fekk dei pengar til å kjøpa andre ting som dei trong; korn, tøy og så vidare.

Ein skal ikkje romantisere levekåra til strilane. Det var mange munnar å metta i ein familie, hardt arbeid for å få endane til møtast og mykje fattigdom. – Men dei hadde ein rik songskatt! I kvardag og høgtid vart det sunge. Nokon song for å ropa dyra inn om kvelden, andre song for å halda rytmen når dei for hand sprengde stein med kile og sleggje for å byggje veg eller når dei tok torv eller sanka lyng til dyra. Dei song når dei karda ull, spann tråd, laga trereiskapar som river, vispar og kiper, eller bøta sokkar og bukser i stova. Dei song for ungane – både som underhaldning og for å få dei minste til å sova. Du må hugsa at dette var før ein fekk elektrisk straum i husa og før TV, radio, PC, mobil og nettbrett. Dei måtte derfor laga si eiga underhaldning. Dei song når dei var glade, og dei song når dei var triste. Dei song morosame stev og viser, og nokon tralla til dans ein søndagskveld. Dei hadde også husandakt og høgtidsstund med salmesong. Dei sirleg ornamenterte religiøse folketonane har trøysta mang ein sliten stril. Songane hadde ein viktig funksjon både i arbeid og som underhaldning, i kvardag og høgtid.