Innsamling av folkemusikk

Frå midten av 1800-talet og utover 1900-talet fanst det nokre eldsjeler som fann det viktig å dokumentere og ta vare på den gamle folkekulturen vår. Denne historia strekkjer seg tilbake til rundt 1814, då Noreg fekk si eiga grunnlov og ein starta bygging av vår eigen norske identitet i perioden som gjerne vert omtala som nasjonalromantikken.

Dei første innsamlarane ynskte å dokumentere songar og soger som vart rekna som det «opphavlege» norske. Dei reiste gjerne til stadar der dei tenkte at det ikkje hadde kome for mange impulsar frå verda utanfrå. Dei var på jakt etter gamle songar og soger, gjerne høgt til fjells eller i avsidesliggjande dalar. I denne første tida av innsamlinga, var ein i mindre grad interessert i folkekulturen her på Strilalandet, då ein rekna med at folk her hadde tett kontakt med Bergen gjennom handel, og at kulturen såleis var påverka av kulturutveksling med andre nasjonar. Såleis vart folkekulturen her, direkte eller indirekte, mindre ettertrakta i bygginga av det norske, og resultatet er at me har svært lite innsamla folkesongar og anna folkeminne frå våre trakter i denne perioden. I ettertid har me lært at folk til alle tider og i alle deler av landet (og verda) har flytta på seg, og såleis har også dei ulike kulturuttrykka deira som song og musikk vandra, men det var først kring 1900 at innsamlarane byrja å interessere seg også for strilakulturen.

I dag har me fleire å takka for at me framleis kan lære oss songar frå strilakulturen. Songane har røter langt attende i tid og vart framført for innsamlarane av menneske som var fødd på tidleg 1800-tal. Dei song, og innsamlarane skreiv i starten songane sirleg ned på notar. Tekstar, historier om songane og kjeldene vart skrivne ned for hand i kladdebøker, og etterpå venta arbeid med å systematisere materialet på ulike måtar. Dette var lenge før PC og digitale hjelpemidlar, og etter kvart vart det tusenvis av handskrivne dokument som til slutt vart utgangspunkt for det som me i dag kjenner som ulike arkiv og folkemusikksamlingar. Det vart etter kvart mogleg å gjera opptak ved bruk av voksrull og etter kvart vart bandopptakar meir vanleg. Mange av songane hadde døydd ut saman med dei som kunne dei, om ikkje det var for dette arbeidet til innsamlarane.

Ein av dei som me særskilt må takka, er ARNE BJØRNDAL (1882-1965). Han var ein av dei største innsamlarane i det 20.århundre. Han var fødd i Eikanger i gamle Hosanger kommune, seinare Lindås og no Alver kommune. Han var spelemann og kjømeister, diktar og komponist, lokalhistorikar og organisasjonsmann. I ettertid vil han nok bli best hugsa som den store folkeminnesamlaren og tradisjonsgranskaren. Han hadde ein stor vitskapleg produksjon og gav ut fleire bøker og tidsskrifter om folkemusikk. I 1905 tok han initiativ til innsamling av folkemusikk og segner på Vestlandet. Han fekk statsstipend i 1911 for å arbeide vidare med folkekulturen. I dag kan vi vera svært takksame for det enorme arbeidet han gjorde med innsamling, nedteikning og bevaring av folkemusikk. Arne Bjørndals Samling er i dag ein av våre viktigaste ressursbankar for å få tilgang til vårt eige kulturelle opphav. Utan Bjørndal sitt mangeårige og intense registreringsarbeid hadde vi vore fattige på tilgang til eigen song- og musikktradisjon. Samlinga er i dag knytt til Griegakademiet i Bergen og har ålment tilgjenge.

Ein annan viktig innsamlar å nemna, er OLAV SANDE (1850-1927). Han var ein av dei fremste kulturvernarane og tradisjonsinnsamlarane i Sogn. Han var fødd på Sande i Kyrkjebø, og fekk lærarutdanning på Stord. Han arbeidde mange år som skulemeister/lærar og han var ein mangslungen mann. Han var kulturvernar og åndshøvding, komponist og folkeminnesamlar, målmann og politikar. Frå 1899 fekk han statsstipend for innsamling av folkemusikk og folkedikting. Han samla folkesongar frå Romsdal i nord til Flekkefjord i sør. Vi reknar med at ca. 850 folketonar kjem frå Hordalands-bygdene. «Der brænder et lys» frå Radøy (no Alver kommune) er nok samla på ei av hans mange reiser. Tonane han samla er arkivert i Norsk Musikksamling i Oslo. Kopiar er også å finna i Folkemusikksamlinga ved Hardanger folkemuseum (Horvei, 1998).

Me heldt framleis i dag på med å dokumentere gamle songar, då me har eit ynskje om at du og dei som veks opp i dag og i framtida skal få høve til å lære desse, då me synst dei mellom anna fortel noko viktig om dei som levde før oss og som me kan byggje vidare på i framtida. I nyare tid er KJERSTI MØLLERUP WIIK (f.1959) ein av dei viktigaste innsamlarane av folkesong frå Strilelandet. Ho starta innsamlinga si i 1995 og har vitja meir enn 80 kjelder og gjort opptak av meir enn 700 songar. Alt dette er lagra ved Arne Bjørndals Samling, samt Lindås kommune har også ein kopi av arbeidet. Du kan lesa meir om ho under informasjon om utgjevarane av denne boka.