Kvifor ta vare på folkesongane

Nokon kan kanskje spørje seg om kvifor det er viktig å ta vare på gamle songar som høyrer til ei tid som for lengst er forbi. Det kjem jo stadig nye songar å gleda oss over! Sistnemnde er for så vidt riktig, men me meiner det finst fleire gode grunnar til å ta vare på desse gamle songane:

  • Songane gjev oss ei oppleving og vekkjer ulike kjensler i oss: Dei kan vere vakre, triste, morosame, rare og så vidare. Sjølv om songane er gamle, er kjenslene dei skapar i oss universelle og meir enn alder og år. Songane kan såleis engasjere oss og røre oss også i våre dagar.

  • Dei er kjelde til historisk kunnskap: Gjennom songane vert me kjent med korleis folk tenkte og levde tidlegare. Det gjev oss moglegheit til å reflektere over kva som er likt og forskjellig i fortid og notid, og dei kan såleis gje oss viktig kunnskap. Gjennom å forstå fortida, vil me betre kunne forstå vår eigen tid og betre forvalta ressursar for framtida.

  • Songane er ein viktig del av det kulturelle mangfaldet: Det finst mange ulike typar musikk og folkesongane høyrer til sin eigen, unike sjanger som bør få plass på lik line med andre musikksjangrar.

  • Songane er kjelde til å utvikla kulturforståing og identitet: Musikk oppstår som ein del av ein kultur, men skapar også ein kultur. I møte med andre kulturar, kan ein gjennom musikk kommunisere tilhøyring og identitet. Eit menneske kommuniserer gjerne ulike identitetar i ulike situasjonar, og folkesongane vil kunne ha ulik tyding for deg i ulike situasjonar.