Kva er spesielt med folkesong?

Ein har nemnd at éin folkesong gjerne finst i mange variantar grunna munnleg tradering. I tillegg er ofte songane på dialekt, då folk gjerne syng dei slik som dei snakkar (unntaket er salmesongen, der folk oftast har nytta salmebok som lenge var på dansk/riksmål). Når du har lytta til songane, tenkjer du kanskje at måten å syngja dei på også er annleis enn annan song du høyrer på. Me kan kanskje seia at det er ein eigen folkesongstil. Nokon stadar som i Telemark og Setesdal vert denne måten å syngja på kalla kveding eller stevjing, men strilane har ikkje vore van med å omtale songen sin slik. Strilen song på «folkaviset». Kva kjenneteiknar denne måten å syngja på?

Folk har til alle tider sunge med den stemma dei har og som regel utan nokon form for songundervisning. Fleire eldre utøvarar seier at dei fortel ei historie når dei syng ein song, og såleis er måten dei syng denne historia i nokre tilfelle heilt underordna. I mange tilfelle kan ein høyra at stemma er knytt tett opp til talestemma når songane vert sunge. Dersom ein får opplæring i andre songstilar som til dømes klassisk song, er gjerne idealet å få ei klangrik stemme. Dette får ein mellom anna ved å gjera vokalane i orda lange og la desse farga klangen. Då folkesongane er tettare knytt til talestemma, inneber det mellom anna at me syng på halvkonsonantane i ord (l, m, n, ng, dl, dn og så vidare). Klangen vert såleis annleis enn i til dømes klassisk song. Du har gjerne også lagt merke til at melodiane gjerne ikkje vert sunge beint fram, men gjerne har små «krudlar» og sløyfer? Dette kallar me ornamentikk. Du startar gjerne heller ikkje direkte på ein tone, men nyttar intonasjon der ein gjerne heiser seg eller glir inn i tonen (glissando). Nokre gongar finn du også tonar i melodien som du ikkje finn på tangentane på eit piano – dei ligg liksom å svever mellom eit heilt og halvt trinn. Dette kallar me kvarttonar, skeive tonar eller blåtonar. Denne tonaliteten er eitt av kjenneteikna som skil folkesongane frå andre songstilar. Du vil også nokre gongar oppleve at det er meir fri rytme i songen. Mange gongar vert det improvisert over historia ein skal fortelja gjennom songen, og den som syng kan gjerne stoppe litt opp og dvele over orda før ein går vidare. Det er såleis rom for improvisasjon. Andre gongar som i tralling av slåttar til dans er nettopp rytmen viktig, då folk skal dansa til den, men då improviserer ein kanskje meir over melodien.