Økonomisk støtte

Å lage ein songbok på nettet som skal vera gratis for brukarane, er ikkje gratis i utgangspunktet. Det er alltid nokon som må vera med å finansiera slike prosjekt. Utan nemnde er ikkje prosjektet liv laga.

Vi vil takka dei som økonomisk har trudd på vår idé om å lage denne digitale folkesongboka. Først og fremst må vi få takke Minnefond etter Bygdelaget Nordhordlendingen i Bergen, stifta av Arne Bjørndal, for raus stønad. Gjennom dette nye minnefondet, kan ein søkje og få midlar til fremjing av folkesongen, folkemusikken og dansen frå Nordhordlandsregionen. Vi takkar også Vestland fylkeskommune for økonomisk støtte og ikkje minst Alver kommune.