PERSONVERNERKLÆRING

Vi handsamar persondata. Denne personvernerklæringa fortel deg kva data vi samlar inn, korleis vi gjer det, kva vi nyttar dei til, samt korleis vi handsamar personopplysningane dine. Vi tek beskyttelse av dinepersonopplysningar på alvor.

Strilakultur.no ligg under norsk lov, og vi følgjer til ei kvar tid gjeldande reglar for personvernopplysingar, og handsaming av desse. Det er Linda Røyseth Sandhåland og Kjersti Wiik som er ansvarlege for handsaming av den informasjonen vi samlar inn om deg.

Dersom du ynskjer å kontakta oss om vår handsaming av personopplysningar, kan du gjere det ved å nytta informasjonen du finn på kontaktsida vår: https://www.strilakultur.no/kontakt-oss

HANDSAMING AV PERSONOPPLYSNINGER

Personopplysningar er alle formar for informasjon som kan knytast til deg som einskildperson. Når du nyttar nettsida vår, samlar vi inn og handsamar ei rekkje data. Dette kan skje på ulike måtar, til dømes ved at du registrerer deg som brukar eller abonnent av våre tenester, ved påmelding på nyhendebrev og kurs, deltaking i undersøkingar eller konkurransar, samt kjøp og øvrig bruk av tenester gjennom nettsida.

Typisk informasjon vi samlar inn og handsamar er: Ein unik ID og tekniske opplysningar om eininga di (datamaskin, nettbrett eller mobiltelefon), IP-adresse, geografisk plassering og kva sider du viser/klikkar på. I dei tilfella du gjev eit eksplisitt samtykke, samt sjølv gjev oss informasjonen, kan vi også handsama namn, adresse, e-postadresse og telefonnummer.

SIKKERHET

Vi har utført nødvendige tiltak, både tekniske og organisatoriske, for at dine personlege opplysningar ikkje ulovleg eller ved uhell vert sletta, offentleggjort, kjem til kjennskap for uvedkommande, vert misbrukt eller på annan måte vert handsama i strid med lova.

Vi tillet berre tilgang til dine personlege opplysningar for tilsette og samarbeidspartnarar som gjennom sitt vyrke treng å vite slike data. Dei handsamar berre dine personlege opplysningar på våre instruksjonar og dei må handsama desse konfidensielt.

FORMÅL

Personopplysningar vert samla inn til følgjande formål:

● Administrasjon av din relasjon til oss.

● Kommunikasjon.

Innsamling og bruk av kommunikasjonsdata

Kommunikasjonsdata inkluderer kva som helst kommunikasjon du har sendt oss, uavhengig om det er via eit kontaktskjema på nettsida vår, e-post, sms, meldingar via sosiale medier eller kva som helst annan type kommunikasjon.

Vi handsamar desse opplysningane for å kunne kommunisere tilbake til deg.

I tillegg til dette nyttar vi opplysningane til å optimere våre tenester og innhald.

Døme på formål:

● Forbetring av våre produkt og tenester.

● Tilpassing av vår kommunikasjon og marknadsføring til deg.

Minimering av data

Personopplysningane vi samlar inn, handsamar og oppbevarer er avgrensa til det som er nødvendig for å oppfylle formålet.

Personopplysningar vert halde oppdatert

Vi er avhengige av at opplysningane vi har lagra er korrekte og oppdaterte. Vi ber deg derfor om å opplyse oss om relevante endringar. Det kan du gjere ved å kontakte oss på denne sida: https://www.strilakultur.no/kontakt-oss

Dersom vi sjølv vert merksame på at vi har lagra feil i dine opplysningar, vil vi oppdatere dei hjå oss og varsle deg om dette.

Oppbevaring av personopplysningar

Vi oppbevarer personopplysningar så lenge det er tillete etter gjeldande lovverk. Vi slettar opplysningane når vi ikkje lenger finn det nødvendig å ha dei, eller når vi ikkje lenger er pliktig til dette.

Samtykke

Ditt samtykke til å motta nyhendebrev er frivillig, og du kan kor tid som helst trekkje det tilbake ved å nytte ein link du finn i botn av nyhendebrevet. Du kan også kontakte oss her: https://www.strilakultur.no/kontakt-oss

Utlevering av personopplysningar

For å oppbevare og handsama personopplysningar, nyttar vi ei rekkje tredjepartar. Dette inkluderer leverandørar av IT-løysingar. Dei kan ikkje nytta opplysningane til eigne formål og handsamar desse utelukkande på våre vegne. Vi nyttar datahandsamarar frå EU eller land som gjev opplysningane dine tilstrekkeleg beskyttelse.

Vi utleverer ikke personopplysninger som til dømes navn og e-postadresse til andre, så sant du ikkje har gjeve samtykke til det.

INNSYN, ENDRING OG SLETTING AV INFORMASJON

Du har kor tid som helst rett til å be om tilgang til dei personopplysningane vi har lagra om deg. Dette inkluderer tilgang til å sjå kva vi har lagra, få opplysningane korrigert, overført eller sletta. Dersom du har gjeve samtykke til vår bruk av dine personopplysningar tidlegare, har du moglegheit til å trekkje tilbake samtykke når som helst. Du kan også få opplyst kor lenge vi oppbevarer dine personopplysningar. Du kan lese meir om dine rettigheiter her: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Vedtak/Beslutninger/Lovvedtak/2017-2018/vedtak-

201718-054/

Dersom du ber oss om å opplyse deg om kva personopplysningar vi handsamar om deg, kan vi be deg om å stadfeste identiteten din. Dette for å hindre uvedkommande å få tilgang til dine personopplysningar.

Tilgangen til dine personopplysningar kan også avgrensast av omsyn til beskyttelse av andre personar sitt personvern, forretningshemmeligheiter eller immaterielle rettigheiter.

Dersom du meiner at vi urettmessig handsamar dine personopplysningar, har du høve til å avgje ei klage til Datatilsynet her.

Vi slettar personopplysningane dine når dei ikkje lengre er nødvendige for det formålet dei vart samla inn til.

BRUK AV INFORMASJONSKAPSLAR

Vi nyttar informasjonskapslar på nettstaden vår. Ein informasjonskapsel er ei lita fil som inneheldt ein viss mengde data som blir lagra på di datamaskin. Denne hjelper oss med å gjera nettstaden vår så brukarvenleg som mogleg. Du kan sjølv bestemme om du vil tillate bruk av informasjonskapslar.

Kva er ein informasjonskapsel?

Ein informasjonskapsel er ei lita fil som inneheld ein viss mengde data. Denne fila kan verta sendt frå nettstaden vår til nettlesaren din. Denne informasjonskapselen kan vi hente, noko som tillét oss å tilpasse vår nettstad og tenester. Vi presiserer at informasjonskapslar ikkje samlar inn personopplysingar lagra på din harddisk eller datamaskin.

Strilakultur.no samlar statistikk om besøk for å gjere nettstaden betre, og for å måle om det fungerer. Dette er anonymiserte opplysingar som vert lagra på eigne serverar som vert drifta av leverandøren vår Squarespace.

Det er berre strilakultur.no og underleverandørane som har tilgang til opplysingane som blir samla inn. Statistikken kan gje svar på tal på besøkande på nettstaden, kva sider som blir besøkt, kor lenge besøket varer og kva nettlesar brukaren nyttar.

Korleis deaktivere informasjonskapslar

Strilakultur.no nyttar ikkje informasjonskapslar til å samle inn personleg informasjon som kan identifisere deg. Skulle du likevel ynskje å deaktivere, avvise eller blokkere bruken av informasjonskapslar, er det mogleg at nokre delar av strilakultur.no ikkje vil fungere optimalt.

Du kan også slette informasjonskapslar som har blitt lagra på din datamaskin. Dette gjer du i menyen i nettlesaren din. Korleis ein gjer det, er avhengig av kva nettlesar ein nyttar.

Denne nettstaden vart 1.september 2020 oppretta av:

Linda Røyseth Sandhåland, organisasjonsnr. 997 904 052.

Postadresse: Skurtveitvegen 66, 5917 ROSSLAND

og

Kjersti Wiik, organisasjonsnr. 875 986 732.

Postadresse: Litlevika 42, 5914 ISDALSTØ.

Frå 28.juni 2021 er strilakultur.no og tilhøyrande undersider (inkl. Barnesongboka) drifta og vedlikehalde av Strilabiblioteket - folkebiblioteket for Alver kommune. Wiik og Sandhåland har ansvaret for innhaldet i Barnesongboka.