Munnleg tradering

Me seier at folkesongane har vorte lært frå ein person til ein annan gjennom munnleg tradering. Du har sikkert sjølv høyrd ein song mange gongar og utan at du eigentleg har tenkt over det, så har du plutseleg lært den og kan syngja den– anten heile eller delar av den. Slik var det også før. Når ein song vart sunge ofte i ein heim, lærte dei andre som budde der den. Då fleire generasjonar levde under same tak, kunne det hende at ungane like gjerne lærte songar av besteforeldra som av foreldra, og slik kunne songane vandra vidare frå ein person til ein annan gjennom hundrevis av år. Folk flytta også på seg i samband med arbeid og giftarmål, og nye songar kunne såleis koma til gards. Dei hadde ikkje lydopptakar eller liknande som dei kunne ta opp songen på, og dei måtte derfor hugsa den sjølv. Songane vart lært vidare frå munn til øyre, og det er dette som vert kalla munnleg tradering.

Det kunne hende at nokon skreiv tekstar ned i ei bok og dei hadde trykte salmebøker, men dei fleste hugsa tekstar og melodiar utan å skriva dei ned. -Men har du vore med på kviskreleiken? Hugsar du korleis det den første sa, plutseleg vart noko heilt anna til slutt? Eller har du prøvd å fortelja ein vits eller ei lita historie som du har høyrd, men så hugsar du den ikkje heilt ordrett; berre hovudpoenga i vitsen eller i historia? Nokon gongar har du kanskje også lyst til å endra litt på den. Slik har du laga din eigen versjon av vitsen eller historia, men som er like bra som den første (eller kanskje til og med betre). Slik har det også vore med folkesongane: Ein song har vorte hugsa litt forskjellig og me har fått mange variantar av den – både i tekst og melodi. Det er typisk for folkesongane våre som er lært på denne måten.

Me må også nemna at også me som er utgjevarar av denne digitale boka står i denne tradisjonslinja. Nokre songar har me lært oss utan at me heilt hugsar korleis songen kom til oss. Mange av songane lærte me for 25 år sidan, og på desse åra har me også lagt til og teke vekk element medvite og umedvite. I samband med utgjevinga har me gått tilbake til opptak med nokre av kjeldene våre då me ville dobbeltsjekke korleis songen vart sungen. Ikkje sjeldan oppdaga me at me har endra ting. Me har her prøvd å notere songane på notar så tett som mogleg etter det kjeldene har sunge for oss, men på opptaka me syng på kan det vera at me gjer små variasjonar. Dette er ein del av den tradisjonen me står i, og songane skal ikkje konserverast, men vera ein del av ei levande og skapande uttrykksform, slik dei alltid har vore.