Ulike folkesongsjangrar

Det finst svært mange ulike typar folkesongar. Ofte deler me dei inn etter kva dei har vorte brukt til og av kven, til dømes arbeidssongar og barnesongar, medan ein andre gongar deler dei inn etter kva dei handlar om. I repertoaret til strilane finn me:

Barnesongar brukt til å underhalda barna. Mange er gjerne tøysete og full av leik og moro, medan andre av versa nok også har vore brukt til å lære borna ulike ting.

Voggesongar/bånsullar brukt for å få ungane til å sova. Det har vorte sunge mange forskjellige songar og tekstar for å få dei yngste til å sova. Det viktigaste med ein voggesong er at rytmen er jamn, det er gjerne eit lite melodimotiv som vert repetert om att og om att, og det aller viktigaste er den kjende stemma som syng for barnet og skapar tryggleik.

Viser som kan delast i mange underkategoriar som til dømes bygdeviser (skrive av ein lokal diktar), skillingsviser (trykte viser som vart seld for ein skilling av omreisande skreppekarar), kjøkemeisterviser (spesielle viser sunge av kjømeistaren– i dag gjerne kalla visevert, til bestemte postar i programmet i eit bryllaup) med meir.

Slåttestev som er korte vers til heile eller delar av ein song (slått) som vart spelt på hardingfele. På Vestlandet har det vore ein rik tradisjon med å spele på hardingfele, og slåttesteva kunne fungere som hugselappar for spelemannen. Stundom song spelemannen slåttestevet før han spelte slåtten, eller midt inni. Slåttesteva har som regel to til fire linjer, men kan også vera lengre. Dei handlar gjerne om spelemenn, dansarar eller soger som kan knytast til slåtten. Slåttesteva vert også sunge utan at ein speler fele, og ofte trallar ein då resten av slåtten som det ikkje er tekst til. Mange gongar har det vorte tralla til dans når ein ikkje har spelemann.

Nystev som er firelinja strofer med enderim på 1. og 2.linje og 3.og 4.linje – dikta etter 1700-talet. Nysteva har same tal trykklette/tunge stavingar i teksten og ein kan derfor nytta ulike nystevtonar til same tekst.

Arbeidssongar som vart brukt for å halda rytmen i arbeid der fleire arbeidde saman, til dømes for å heisa segl (sjantiar), ro i takt, slå i takt med ulikt verktøy (hammar, sleggje og liknande).

Lokkar for å ropa dyra til seg når dei var på beite. Dette er ein type arbeidssong, men som skil seg noko frå dei som er omtala over. Dei ulike lokkane er noko forskjellig alt etter kva dyr dei er meint for. Kulokkane er ofte dei mest utbroderte og teknisk krevjande då ein måtte bruka mykje kraft for å få røysta til å bere langt. Geitelokkar og sauelokkar er ofte enklare i forma.

Mellomalderballadar som høyrer til vårt eldste bevarte songmateriale med røter tilbake til mellomalderen, frå ca.1300- talet og fram til reformasjonen i 1536. Namnet «ballade» kjem frå det latinske ordet «ballare» som tyder «å danse», og ein trur desse songane har vorte brukt til å danse etter. Mange av songane har truleg kome til Noreg frå andre europeiske land, og vart omsett ved det kongelege hoffet. Såleis finn ein mange variantar av desse songane over store deler av Europa. Andre songar har truleg vorte laga her til lands. Mange av balladane vart samla og gitt ut av danske Anders Sørensen Vedel i «Hundreviseboka» i 1591. Den var basert på songar i munnleg tradisjon og handskrivne dokument. I 1695 gav Peder Syv, også dansk, ut boka på nytt og han la då også til hundre nye viser. Denne boka har vorte kalla «Tohundreviseboka» eller «Kjempeviseboka», og den vart svært populær også i Noreg. I mange hundre år var denne boka ei av få bøker som fanst i norske heimar, ved sida av salmebok og bibel. Ofte var det mange vers til balladane, og dei hadde gjerne eit refreng (omkvede) som vart gjenteke for kvart vers. Også balladane kan delast i underkategoriar som historiske viser om historiske hendingar og personar, naturmytiske viser om bergtaking eller møte mellom menneske og underjordiske vesen, troll- og kjempeviser som handlar om kamp mellom menneske og mytiske figurar som troll og kjemper, riddarviser, kjærleiksviser, legendeviser med religiøst innhald frå katolsk tid og skjemteviser som er meir humoristiske viser.

Religiøse folketonar. Den religiøse songen har stått sterkt hjå mange strilar og mange har søkt trøyst i gudstrua når kvardagen har vore tung å bera med mykje fattigdom og slit. Det var vanleg i mange heimar å ha husandakter. Her song ein gjerne salmar frå salmebøker som Thomas Kingo si salmebok og etter kvart Landstads Salmebog (frå 1870). Det er lite variasjonar i tekstmaterialet då dei fleste støtta seg til salmeboka, men det er eit rikt utval av ulike melodivariantar til songane.

Om du ynskjer å lesa meir om folkesongsjangrar, kan du lesa i mellom anna Folkesongar i Hordaland (Horvei, 1998) og Fanitullen (Aksdal m.fl., 1993).