Både røtto og reven og gris’n

Øystein Vikane (f. 1947)

Er fødd og oppvaksen i Mastrevik i Austrheim kommune. Øystein fekk landbruksutdanning på Stend jordbruksskule og på Landbrukshøgskulen i Ås. Han jobba i mange år som fagkonsulent innan landbruk i heimkommunen. Øystein fekk tidleg interesse for musikk og song. Han var med i skulekorps og spelte bass. Sidan lærde han seg å spele obo og var med i amatørsymfoniorkester. Han har også gitt undervisning på ulike instrument. Elles har han sunge i kor der han óg ha vore solist. Øystein var kjelde for folketoneinnsamlaren Kjersti Møllerup Wiik midt i 1990-åra. Han overleverte religiøse folketonar frå Austrheim, samt «Både røtto og reven og gris'n» som er å finne i songboka vår. Desse er arkivert ved Arne Bjørndals Samling.

«Både røtto og reven og gris`n» er eit barnevers som finst i fleire variantar. Denne varianten frå Austrheim går i dur, medan den meir kjente varianten «Reven og rotto og gris'n» går i moll. Sistnemnde kjenner ein frå andre stader i Hordaland, og du finn den også her i boka vår. Barneversa har vore brukt til å underhalda barna og dette er jo ein artig liten song som det også er populært å gjera rørsler til (sjå skildring av desse på noten).

Illustrasjon: Jahzara Walde

Illustrasjon: Jahzara Walde

Next
Next

Den vesle gut’n i lie lurra