Hannemann oppi Fagerli

Jan Spurkeland (f. 1941)

Er fødd og oppvaksen på Spurkeland (Sprøkland) i Seim i gamle Lindås kommune, no Alver. Det var alltid mykje song og musikk i heimen. Mora hans, Bessy Hole (1910-1994) frå Osterøy, song mange barnesongar. Mellom anna lærde han om « Hannemann oppi Fagerli» av henne. Jan lærde seg tidleg å spele gitar og song viser og andre songstilar. Han jobba som profesjonell restaurantmusikar frå 1969 til 1972. Han fekk lærarutdanning og utdanning ved Bergen musikkonservatorium. Etter mange år som lærar, rektor og skulesjef, arbeidde Jan som personalmedarbeidar, personalsjef og leiarutviklar i Statoil. Jan er i dag kulturarbeidar, foredragshaldar og forfattar. Han har gjennom mange år jobba med foredrag innan relasjonsleiing. Mange kjenner kanskje bøkene om Spøt-Olino og Andersen? Og bøkene om «Følkaprat og skrøne»? Jan Spurkeland har også skrive teksten til musikalen «Dampen» som gjorde stor suksess rundt årtusenskiftet. Der vart eit viktig stykke Strilehistorie sett på kartet, då den skildra livet om bord i dampen som gjekk til og frå byd’n etter 2.verdskrig. Jan song denne songen og fleire andre viser inn til Kjersti Møllerup Wiik på 1990-talet. Opptaket er lagra ved Arne Bjørndals Samling i Bergen.

«Hannemann oppi Fagerli» er ei lita vise som er kjent mange stadar i landet. Melodien er også kjent i Skottland. I samband med eit folkesongkurs som me hadde i 2018, fortalte ein av deltakarane at Hanuman er ein gud i hinduismen som opptrer i apeskikkelse. Ofte ser me at folkekulturen og folkesongane våre har vore på vandring. Dei har gjerne tematikk, røter og ulike variantar langt utom landegrensene våre. Om dette er tilfelle med «Hannemann oppi Fagerli» som har vorte sunge på Seim, er ikkje godt å seia, men me synst det er ein artig liten digresjon å ta med.


 
Illustrasjon: Sunniva Westermoen

Illustrasjon: Sunniva Westermoen

Previous
Previous

Gulldronning, Perledronning

Next
Next

Hansemann i skogen