Pusekatt, kor låg du i natt (Meland)

Pusekatt, kor låg du i natt (Meland) (Barnesongboka)side1.jpg

Elias Mjåtveit (1874-1957)

Var fødd på husmannsplassen «Træet» på Mjåtveit i Meland/Alver, og vart seinare småbrukar saman med to søstre. Elias hadde i tillegg eit uvanleg stort engasjement i kunst og kultur og skreiv sjølv i eit brev til Arne Bjørndal at han var av 99 prosent kunstnarnatur. Han drøymde som liten om å verta kunstmålar, men fekk aldri lære den kunsten. Derimot vart han diktar og spelemann. Han skreiv eigne vers og viser, og gav mellom anna ut boka Morovisor frå vestlandsk folkeliv i 1922. Han gav ut fleire diktsamlingar, samt tre romanar (Øvretveit, 1960). Han skreiv også små innlegg og tekstar i ulike tidsskrift og blad som Gula Tidend, Ung Norig, Frå Fjon til Fusa, Spelemannsbladet med fleire. Elias var målmann, sjølv om han aldri fekk lære landsmål (nynorsk) på skulen. Han var også opptatt av all slags folkekultur og folkeminne, og gav mellom anna ut boka Gamalt or Hordaland i 1919 med segner, viser, vers og gåter. Noko av dette materialet hadde han nok lært heime etter bestefaren, Per Olsson Mjåtveit (1800-1883), som var ein dugande spelemann. Han døydde då Elias var 10 år, men Elias hadde mange gode minner frå stunder i stova hjå bestefar, der han song, spelte og fortalte frå farne tider. Bestefaren var også lydarspelemann som gjerne spelte på kyrkjebakken etter gudstenester. Truleg lærte Elias songen om «Pusekatten» heime. Elles følgde han i vaksen alder også mykje med på det som vart publisert i blad og aviser, og han lærte nok også folkeminne frå folk han møtte i ulike samanhengar, til dømes i lag og organisasjonar. Elias spelte mellom anna til song og dans i ungdomslaget på Dale, og var med då Meland Mållag vart skipa i 1917. Han var også bibliotekar i Meland. Elias delte gjerne av kunnskapen sin, og bidrog med 20-30 songar til Bernt Støylen si bok Norske barnerim og leikar frå 1899. Elias samla også ord og uttrykk og fekk 860 av desse med i storverket Norsk Ordbok: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet (Brakstad, 2019). Han sendte også materiale om spelemenn og folkekultur til Arne Bjørndal. Det finst også ei rekkje handskrivne kladdebøker og notar etter Elias. I desse finn ein også eigenkomponerte melodiar. Desse har Meland Sogelag teke vare på. Elias Mjåtveit var frå ei tradisjonsrik spelemannsslekt. Som nemnd var bestefaren, Per Olsson Mjåtveit, ein dyktig spelemann. Bror til Per var Nils Olsson «Kleiven» Mjåtveit (1802-1869). «Kleiven» var gift og busett i Lindås/Alver. Han var kjent for å vera ein dyktig spelemann og felemakar, og var far til den kjente felemakaren Knut Nilsson Øvretveit (1846-1922) og bestefar til Karl Bertin Øvretveit (1891-1984) (sjå desse).

«Pusekatt kor låg du i natt» er ein variant av den meir kjente «Lille pusekatt» som er ein av dei mest kjente barnesongane i vår tid. Truleg er dette ein song som Elias lærte heime. Arne Bjørndal teikna den ned på notar i 1941. Ein finn også ein annan variant i denne boka etter Arngunna H. Wiik (1917-1995) frå Lindås/Alver (sjå denne).


Illustrasjon: Jahzara Walde

Illustrasjon: Jahzara Walde

Previous
Previous

Pusekatt, kor låg du i natt (Lindås)

Next
Next

Pusekatt`n sete på takje