Reven sat i sete (Lindås)

Reven sat i sete (Lindås) (Barnesongboka)side1.jpg

Per Hundvin (1887-1965)

Vart fødd og budde på Hundvin i Lindås (no Alver kommune). Han var bonde på heimegarden som hadde vore i ætta sidan 1600-talet. Per var den eldste av tre brør, og musikkinteressa arva han etter mora, Gjertrud K. Hundvin (1863-1955), som kunne mange folkesongar (Horvei, 1998). Fele byrja han å spele då han var 6 år og han fekk gå i lære hjå meisterspelaren Ola Mosafinn. Per var også ein dugande hallingdansar. Elles var Per ein god rimsmed. Han lagde mange tekstar og sette melodiar til (mellom anna «Bånsull» som ein kan høyra på CD-en «Kvilestein» med Kjersti Wiik). Per Hundvin var kristen av det frilynte slaget. Han ivra for å få setje opp Hundvin kyrkje. Denne stod klar i 1936. 1.juledag i 1964 fekk han oppleve å spele julesongar på hardingfele i kyrkja saman med organisten Arngunna Helene Wiik. (Noko som forfattaren av desse orda minnest. Sjå elles informasjon om Arngunna Helene Wiik). I tillegg til å drive gard, arbeidde Per også som heradskasserar og lensmannsfullmektig. Per song fleire songar inn til Arne Bjørndal i 1958. Han er også kjelde til «Ima Grima» i denne digitale boka.

«Reven sat i sete» er eitt av dei mest populære barneversa våre, og finst i svært mange variantar over heile landet. Barneversa har vore brukt til å underhalda barna og dette er jo ein spennande song om at den lure reven prøver å lokke lammet til seg, men lammet forstår kva planar reven har og vil ikkje kome. I denne digitale boka finn du i tillegg til denne varianten frå Lindås/Alver, varianten «Reven han sat på sete» etter Johanna Duesund frå Masfjorden, og «Reven han sat oppi såte» etter Gunnstein Kolstad frå Radøy/Alver.


Illustrasjon: Sunniva Westermoen

Illustrasjon: Sunniva Westermoen

Previous
Previous

Reven og rotto og gris`n

Next
Next

Ro og rikka