Ro, ro te Siraland

Ro, ro te Siraland (Barnesongboka)side1.jpg

Ingeborg Mjanger (1910–2011)

Var fødd på Sandnes i Masfjorden. Ho var den eldste i ein søskenflokk på åtte, og fekk tidleg ansvar for mindre søsken. Mora hennar sat ofte og song for borna når dei skulle sova. Det hende rett som det var at ho sovna sjølv også. Ingeborg kom i huspost i Austrheim og i Bergen, men måtte reise heim og stelle familien då mora vart sjuk. Ho kom så i teneste på Mjanger i Masfjorden. Der måtte ho gå til Mjangersetrane og vidare innover fjellet og mjelka kyrne. På Mjanger traff ho mannen sin, Birger Mjanger (1905-1990). Han var den yngste i ein søskenflokk på ni. Dei gifta seg jonsokafta i 1935 og fekk sju born. Livet var ikkje berre ein opptur for Ingeborg. I november 1947 drukna begge foreldra hennar på ein rotur frå Bauge til Sandnes.

Dottera til Ingeborg, Sigrun Håland, fortel at det alltid var mykje song og musikk i heimen på Mjanger. Faren, Birger, hadde lært å spela orgel og song og spelte mykje salmar. Ei tante som budde i Oslo kom med lærebok om notar. (Pettersons notelære). Denne var flittig i bruk av alle borna til Birger og Ingeborg. Det var mykje liv og røre i heimen når ein spelte orgel og andre trakterte trompetar og baryton. Ei ekte song- og musikkglede vart tent i ei talrik Mjangerslekt. Interessa har gått vidare til Ingeborg og Birger sine barnebarn og oldebarn. Fleire av desse er i dag profesjonelle musikarar, og mange i etterslekta har hatt glede av å spele instrument eller vera med i songkor. Då Ingeborg fylte 100 år, hadde etterkomarane sett i hop eit eige songkor og hadde konsert for henne. «Ro, ro te Siraland» lærde folketonesamlaren Kjersti Møllerup Wiik hjå Ingeborg då ho var nær 90 år. Sigrun Håland fortel at begge foreldra song denne vesle barnesongen som har mange variantar rundt om kring.

«Ro, ro te Siraland» er eit barnevers som finst i mange ulike variantar. Me veit også at den har vorte sunge i mellom anna Sund. I songen får me høyra om femten personar som rodde til Siraland og som berre hadde fire kaker med seg på vegen. Då dei kom fram, hadde dei ikkje noko mat igjen, så dei gjekk til ein bakar kor dei kjøpte forskjellige matvarer. Her er det mykje god begrepstrening for dei yngste, men det er også ein artig song for dei eldre ungane! Songen er også teke med i barnesongboka Syng sjøl (Johnsen, 2004). Mange kjenner nok betre varianten «Ro, ro til fiskeskjær». I boka vår finn du også fleire variantar: «Ro, ro te Baltaskjer» etter Anna Utne frå Sund, «Ro, ro rikke» etter Randi Skurtveit frå Meland/Alver og «Ro, ro på fjord`n» etter Jenny Mathilde Olsnes frå Fedje.


Illustrasjon: Hedda Olea Hovemoen

Illustrasjon: Hedda Olea Hovemoen

Previous
Previous

Ro, ro te Baltaskjer

Next
Next

Rojen