Stonno e` mi gomma so go`

Stonno e` mi gomma so go` (Barnesongboka)side1.jpg

Karl Kristoffer Lie (1895-1972)

Vart fødd og vaks opp på Fjell gard på Sotra (i dag Øygarden kommune). Han var av musikalsk slekt. I sin ungdom gjekk på han på Kunsthandverkskulen på Dagestad på Voss. Der fekk han interesse for folkemusikk og byrja å spele hardingfele. Sidan vart han aktiv medlem av «Fjellbekken» spelemannslag i Bergen og var med på mange kappleikar både som deltakar og dommar. Karl var bonde og postopnar og var ga med Marta Ågotnes (1904-1964) (Horvei, 1998). Det finst gode opptak i Arne Bjørndal Samling av Karl Kristoffer Lie der han syng alt frå religiøse folketonar til stev og barnesongar.

«Stonno e` mi gomma so go`» er slåttestevet til springaren «Nordfjorden». Slåtten vert stavet over heile landet, og er også kjent som mellom anna «Valdreskvelven».

Ein nyttar ordet «slått» om ein song som vert spela på mellom anna fele. Slåttestev er korte tekststrofer til heile eller deler av en slik slått. På Vestlandet har det vore ein rik tradisjon med å spele på hardingfele, og slåttesteva kunne fungere som hugselappar for spelemannen. Stundom song spelemannen slåttestevet før han spelte slåtten, eller midt inne. Slåttesteva har som regel å til fire lines, men kan også være lengre. Dei handler gjerne om spillemenn, dansarar eller soger som kan knytast til slåtten. Slåttesteva vert også sunge utan at ein spelar fele, og ofte trallar ein då resten av slåtten som det ikkje er tekst til. Mange gongar har det vorte tralla til dans når ein ikkje har spelemann.


Illustrasjon: Isabell Adriana Røssland

Illustrasjon: Isabell Adriana Røssland

Previous
Previous

Så sudla ho mor på råkkjen sin

Next
Next

Vedatjuven og Smalatjuven