Ho mor ho spadn på røkkjen sin

Olav Skurtveit (1927-2021)

vart fødd og vaks opp i ein søskenflokk på fire på Skurtveit. Garden Skurtveit høyrde til gamle Herdla kommune, seinare til Meland kommune frå 1964 og høyrer no til Alver (frå 2020). Olav gjekk seks og eit halvt år i skulen, men fekk ikkje gått det siste halvåret då krigen braut ut og læraren vart sendt til Grini. Olav byrja å spele trekkspel då han var 16 år og spela litt av og på heilt fram på sine eldre dagar. Han lærte seg notar sjølv ved hjelp av ei notebok. På slutten av førtitalet var han med i eit mannskor i bygda. Far hans, Kristoffer Olai Monsen Skurtveit (f. Fauskanger, 1899-1983), var også med. Olav arbeidde i bygningsbransjen, samt dreiv med sandfart og hadde arbeid i industrien. I 1955 gifta han seg med Randi Skurtveit (f. Vikebø, 1936-2013) (sjå kjeldeopplysningar om ho). Dei fekk fire born og tok til seg seks fosterborn. Olav er kjelde for «Ho mor ho spadn på røkkjen sin» og han døydde vel eitt år etter at Barnesongboka vart publisert. Han hugsa ikkje kven han lærte songen av, men også kona hans, Randi Skurtveit, song denne songen. Hennar versjon er med i bokaFolkesongar i Hordaland (Horvei, 1998).

«Ho mor ho spadn på røkkjen sin» er eit slåttestev til hallingen «Sullaren». I Nordhordland har slåttestevet også vorte brukt som barnesong. Ein finn ein annan versjon, «So sudla ho mor på råkkjen sin», etter Arngunna H. Wiik (1917-1995) frå Lindås (sjå denne). Slåtten og stevet er kjent fleire stadar i landet, og har der mellom anna namnet «Hjurdingen» og «Hei, huskom i hei».

Ein nyttar ordet «slått» om ein song som vert spela på mellom anna fele. Slåttestev er korte tekststrofer til heile eller deler av ein slik slått. På Vestlandet har det vore ein rik tradisjon med å spele på hardingfele, og slåttesteva kunne fungere som hugselappar for spelemannen. Stundom song spelemannen slåttestevet før han spelte slåtten, eller midt inni. Slåttesteva har som regel to til fire linjer, men kan også vere lengre. Dei handlar gjerne om spelemenn, dansarar eller soger som kan knytast til slåtten. Slåttesteva vert også sunge utan at ein speler fele, og ofte trallar ein då resten av slåtten som det ikkje er tekst til. Mange gongar har det vorte tralla til dans når ein ikkje har spelemann.


Illustrasjon: Alexa Cristea

Illustrasjon: Alexa Cristea

Previous
Previous

Hei, rokken

Next
Next

Ima Grima