Ima Grima

Ima Grima (Barnesongboka).jpg

Per Hundvin (1887-1965)

Vart fødd og budde på Hundvin i Lindås (no Alver kommune). Han var bonde på heimegarden som hadde vore i ætta sidan 1600-talet. Per var den eldste av tre brør, og musikkinteressa arva han etter mora, Gjertrud K. Hundvin (1863-1955), som kunne mange folkesongar (Horvei, 1998). Fele byrja han å spele då han var 6 år og han fekk gå i lære hjå meisterspelaren Ola Mosafinn. Per var også ein dugande hallingdansar. Elles var Per ein god rimsmed. Han lagde mange tekstar og sette melodiar til (mellom anna «Bånsull» som ein kan høyra på CD-en «Kvilestein» med Kjersti Wiik). Per Hundvin var kristen av det frilynte slaget. Han ivra for å få setje opp Hundvin kyrkje. Denne stod klar i 1936. 1.juledag i 1964 fekk han oppleve å spele julesongar på hardingfele i kyrkja saman med organisten Arngunna Helene Wiik. (Noko som forfattaren av desse orda minnest. Sjå elles informasjon om Arngunna Helene Wiik). I tillegg til å drive gard, arbeidde Per også som heradskasserar og lensmannsfullmektig. Per lærte «Ima Grima» hjå mor si som nytta denne som voggesong. Han song den inn til Arne Bjørndal i 1958 og Einar Mjølsnes teikna den ned på notar 1997. Per Hundvin song også songen inn til Rachel Thomassen i NRK i 1961 (sjå melodivariant på noten). Per er også kjelde til «Reven sat i sete» i denne digitale boka.

«Ima Grima» er ein geitelokk og høyrer til songane som var knytt til stølslivet. På somrane sendte dei ofte dyra til fjells på stølen (sætra). Det var budeia som hadde ansvar for å passa på dyra, og ho mjølka, kinna smør, kokte mat, vaska kle og kjerald, henta ved og stelte med andre oppgåver som skulle gjerast. Dyra vart sleppt ut på beite om morgonen etter mjølking, og kom tilbake på kvelden. Dersom dei ikkje kom sjølv, måtte budeia lokka på dei for at dei skulle koma. Ho song og nytta ropeord, til dømes «kobma no» (kom no) når ho ropte på kyrne, eller «tysa, tysa» når ho ropte på sauene. Ho kalla dyra ved namna deira, og tralla gjerne også ein slått eller ein annan melodi innimellom. Ho brukte kraftig røyst, og songen bar langt av garde. Dyra kjente att lokken og stemma hennar. Det hendte også at budeiene lokka og song beskjedar mellom dei ulike stølane. Nokre stadar i landet er dette kjent som laling/huving. Nokon meinte at lokkane var magiske og kunne skremma dei underjordiske, samt dei kunne også skremma rovdyr.

Illustrasjon: Ellisiv Westermoen

Illustrasjon: Ellisiv Westermoen

Previous
Previous

Ho mor ho spadn på røkkjen sin

Next
Next

Korføre heve du skikka deg so