Ro, ro på fjord`n

Ro, ro på fjord`n (Barnesongboka)side1.jpg

Jenny Mathilde Olsnes (1919-2013)

Var fødd Langeland og vaks opp på Fedje. Heimstaden hennar var Kræmmerholmen som var ein gamal gjestgjevarstad frå 1658. Jenny vaks opp som nummer to av tre i ein musikalsk familie. Mor hennar, Hansine Karoline (f. Moldøen, 1884-1976) hadde ansvaret for garden. Faren til Jenny, Alfin Julius Langeland (1886-1961) var fiskar. Han spelte hardingfele, song og var ein svært god forteljar. Mor til Jenny skreiv mange songar, dikt og prologar. Ho forfatta mellom anna «Fedje-songen». Jenny gifta seg i 1945 med Norman Gottfred Olsnes og flytta sidan til Bergen (Horvei, 1998). I denne samanheng har Jenny vore kjelde til barnesongen «Ro, ro på fjord’n». Den song ho til Reidun Horvei i 1997, og Einar Mjølsnes teikna den ned på notar i 1998. (Kjelde: Horvei, 1998).

«Ro, ro på fjorden» er eit barnevers som finst i svært mange ulike variantar over heile landet. Mest kjent i dag er nok «Ro, ro til fiskeskjær». Barneversa har vorte sungne som underhaldning for barna. Mange er gjerne tøysete og full av leik og moro, medan andre av versa nok også har vore brukt til å lære borna ulike ting. «Ro, ro på fjorden» er nok ein slik song. Borna langs kysten var van med at far og eldre søsken reiste på fiske. I denne songen fekk dei høyre om korleis fisken vart dregen, og det var flott fisk som inneheldt både lever og rogn! Fisken vart salta ned i tønner og deretter sendt til Sogn der den då vart seld. I andre variantar av teksten, mellom anna i Sund, får me høyra korleis fiskarane byta til seg andre varer som dei trong, til dømes korn. På Bømlo i Sunnhordland høyrer me at fiskarane fekk betaling for fisken og kjøpte andre ting for pengane. Av kornet dei byta til seg (eller kjøpte) bryggja dei øl, og baka brød og kaker, som det vesle barnet fekk etterpå. Såleis lærte borna gjennom songen å sjå samanhengen i at far si reise på fiske gjorde at familien byta til seg eller fekk pengar til å kjøpa andre varer som dei trong. I denne boka finn du fleire andre variantar: «Ro, ro te Baltaskjer» etter Anna Utne frå Sund, «Ro, ro rikke» etter Randi Skurtveit frå Meland/Alver og «Ro, ro te Siraland» etter Ingeborg Mjanger frå Masfjorden.


Illustrasjon: Gunnhild Sandhåland

Illustrasjon: Gunnhild Sandhåland

Previous
Previous

Ro og rikka

Next
Next

Ro, ro rikke