Ro, ro rikke

Ro, ro rikke (Barnesongboka)side1.jpg

Randi Skurtveit (1936-2013)

Var fødd Vikebø, og vaks opp i ein søskenflokk på fem på garden Åsebø i tidlegare Meland (no Alver kommune). Mormora hennar, Ingeborg Åmundsdotter Åsebø (f. Rossland, 1864-1948), hadde kår og budde saman med familien. På denne tida var det vanleg at dei sulla og song når dei arbeidde – både ute og inne, og slik lærte Randi mange songar etter mormora. I Folkesongar i Hordaland (Horvei, 1998) kan ein lesa korleis Randi minnest røysta hennar når dei skulle ta opp poteter eller når dei arbeidde med ulla om hausten. Også mor hennar, Maria Vikebø (f. Åsebø, 1906-1992) song; særleg når ho spann på rokken om vinterkveldane. Randi song inn fleire av songane ho lærte til Kjersti Møllerup Wiik i 1995. Desse songane finst arkivert ved Arne Bjørndals Samling. Randi vart gift med Olav Skurtveit (sjå kjeldeopplysningar om han). Dei fekk fire born og tok til seg seks fosterborn i tillegg. Randi var husmor og arbeidde som fjøsavløysar. Ho var også svært engasjert i politikk og lagsliv. Ho var aktiv i kommunestyret i Meland, heradsretten, skulekorps, samyrkelaget, husmorlag og idrettslag. Randi vart heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv i 2003 for sitt arbeid. Ho vart også same år tildelt Kulturrosa i Meland kommune. Randi fekk også Kvinneprisen i Meland i 2013 for sitt mangeårige engasjement for likestilling, inkludering og demokrati i Meland.

«Ro, ro rikke» er eit lite, tøysete barnevers for leik og moro. Det finst i svært mange ulike variantar, og det mest kjente i dag er nok «Ro, ro til fiskeskjær». I denne boka finn du fleire andre variantar: «Ro, ro te Baltaskjer» etter Anna Utne frå Fjell, «Ro, ro på fjord`n» etter Jenny Mathilde Olsnes frå Fedje og «Ro, ro te Siraland» etter Ingeborg Mjanger frå Masfjorden.


 
Previous
Previous

Ro, ro på fjord`n

Next
Next

Ro, ro te Baltaskjer