Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Anne Malene på kalosjene sprang

«Anne Malene på kalosjene sprang» finst i fleire variantar. Melodien er «Gammel Jægermarsj» som har vore mykje brukt og spelt kvar einaste 17.mai av korps i heile Noreg i meir enn 100 år.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Bitteliten Ole

«Bitteliten Ole» har me ikkje høyrd i denne versjonen før og me har heller ikkje høyrd andre kjelder kring Bergen syngja den.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Bordvers på julekvelden

«Søde Jesus, Davids rot» fortalte Magnhild Jordal at dei song som bordvers på julekvelden. Familien hennar song dette bordverset og deretter las far hennar juleevangeliet. Slik var det også hjå mange andre familiar i Nordhordland, og truleg har dette verset vorte nytta her allereie på 1700-talet.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Byssa lulla leia

«Byssa lulla leia» er eit barnevers som finst i mange variantar. Melodien finst i folketradisjonen med mange ulike tekstar, mellom anna «Skjære, skjære havre», «Bro, bro brille» og «Ro, ro til fiskeskjær».

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Både røtto og reven og gris’n

«Både røtto og reven og gris`n» er eit barnevers som finst i fleire variantar. Denne varianten frå Austrheim går i dur, medan den meir kjente varianten «Reven og rotto og gris’n» går i moll.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Bånsull

«Byssam, byssam badne på bora» er ein voggesong/bånsull og ein skaper tryggleik gjennom å syngja om det kjente og kjære kring barnet; om foreldre, søsken og dyra på garden.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Båten som vi seiler med

«Båten som vi seiler med» er eit barnevers som handlar om dei gamle ferjene som frakta personar som skulle på jobb frå Laksevåg til Bergen over Damsgårdsundet. Opprinneleg var det ein fløttmann (ferjemann) med robåt som rodde folk over, men etter kvart kom det dampbåtar.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Den vesle gut’n i lie lurra

«Den vesle gut`n i lie lurra» finst i mange variantar i gamle Hordaland fylke. Songen er eit nystev. Nysteva har vorte dikta etter 1700-talet.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Der brænder et lys

«Der brænder et lys» er ein songleik som Olav Sande (1850-1927) teikna ned på Manger i gamle Radøy kommune, no Alver.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Det e` brann, sa Johan

«Det e` brann, sa Johan» er eit barnevers som Gisken Nygård fortel vart til etter at Skansen brannstasjon i Bergen vart bygd etter bybrannen i 1901. Den stod ferdig i 1903. Teksten har også vorte brukt berre som regle. Gisken lærte songen hjå mor si, Gunda Lohne Nygård (1921-2011).

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Eg er so glad kvar jolekveld

«Eg er so glad kvar jolekveld» er ein kjent og kjær julesong for mange og det finst fleire ulike variantar av melodien. Teksten er skriven i 1859 av den norske forfattaren Marie Wexelsen (1832-1911). Den vart omsett til nynorsk av Bernt Anker i 1906.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Et barn er født i Betlehem

«Et barn er født i Betlehem» er ein religiøs folketone som me har funnet i ei av Elias Mjåtveit sine handskrivne kladdebøker med notar. Det er uvisst om det er ein folketone han har skrive ned, eller om han har laga den sjølv. Teksten er opprinneleg latinsk; «Puer natus in Betlehem», omsett av danske Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783-1872) i 1820.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Hannemann oppi Fagerli

«Hannemann oppi Fagerli» er ei lita vise som er kjent mange stadar i landet. Melodien er også kjent i Skottland.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Hansemann i skogen

«Hansemann i skogen» er ei dialektisk utgåve av andre vers i barnediktet «Vesle Hans` eventyr» av Henrik Wergeland.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Har du sett nåke tå geit`na mina

«Har du sett nåke tå geit`na mina» er ein geitelokk og høyrer til songane som var knytt til stølslivet. På somrane sendte dei ofte dyra til fjells på stølen (sætra). Det var budeia som hadde ansvar for å passa på dyra, og ho mjølka, kinna smør, kokte mat, vaska kle og kjerald, henta ved og stelte med andre oppgåver som skulle gjerast. Dyra vart sleppt ut på beite om morgonen etter mjølking, og kom tilbake på kvelden. Dersom dei ikkje kom sjølv, måtte budeia lokka på dei for at dei skulle koma.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Haukelåt etter Wilhelm Hop

«Haukelåt etter Wilhelm Hop» er eit døme på ein lokk som vart brukt for å ropa beskjedar mellom folk (også kalla laling/huving). Her er det Astrid som ropar til Solveig og så svarar Solveig etterpå. Kanskje var dei budeier på kvar sin støl om sommaren?

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Hei, rokken

«Hei, rokken» er eit barnevers fullt av rare tøyseord. Til alle tider har barn likt å leika med tullerim og rare namn.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ho mor ho spadn på røkkjen sin

«Ho mor ho spadn på røkkjen sin» er eit slåttestev til hallingen «Sullaren». I Nordhordland har slåttestevet også vorte brukt som barnesong.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Huldræ site på steinæ

«Huldræ site på steine» er ein geitelokk og høyrer til songane som var knytt til stølslivet. Hjå Støylen er ein versjon som heiter «Gygra sette seg på ein stein» frå Voss (Støylen, 1899). På somrane sendte dei ofte dyra til fjells på stølen (sætra).

Read More