Ka ska fruo ha te mat
«Ka ska fruo ha te mat» høyrer til aukesongane våre, der ein legg til ei ny linje for kvart vers. Bjørø lærte den av Annanias Lien (1916-2009) frå Hegglandsdalen på Os på 1990-talet. Det finst fleire variantar av denne teksten og den er registrert som mellomalderballaden «Korleis vil du føde meg» i dokumentasjonsprosjektet Balladearkivet 1997 (TSB f007, skjemteballade).
Katt`n ba pus`n
«Katt`n ba pus`n» er eit barnevers som Gunnhild Steinsland lærte heime i Modalen. Det er kjent fleire stadar i landet. Tonen etter Gunnhild Steinsland er ganske lik ein variant frå Sunnmøre i Støylen si samling av barnerim og leikar (Støylen, 1899). Her er tittelen «Katten og pusen» (Støylen, 1899). Den har fire vers; to av dei finn me att i versjonen vår.
Katt`n lå i ovnsbenken
«Katt`n lå i ovnsbenken» er eit barnevers som er kjent over heile landet og som eigentleg er eit vers frå ei gamal mellomalderballade som heiter «Katten ligg sjuk». Eit anna vers frå same balladen som lever vidare som eit barnevers er «Pusekatt`n sete på takje» som du finn her i Barnesongboka etter Anna O. Midtveit frå Sund, og «Katt`n sat oppå takja» etter Inge M. Takle frå Gulen.
Katt`n sat oppå takja
«Katt`t sat oppå takja» er eit barnevers som er kjent over heile landet og som eigentleg er eit vers frå ei gamal mellomalderballade som heiter «Katten ligg sjuk». Mange stadar er verset kjent som «Brombasken i bomma/bromba». I Barnesongboka finn du varianten «Pusekatt`n sete på takje» etter Anna O. Midtveit frå Telavåg i Sund.
Kila på, kila på
«Kila på, kila på» er ein arbeidssong/mineborarsong som vart brukt når dei skulle sprenge stein på vegarbeid i tidlegare tider.
Korføre heve du skikka deg so
Melodien til «Korføre heve du skikka deg so» er ein variant av «Såg du noko til kjerringa mi».
Kristian Kakk
«Kristian Kakk» er ei lita barnevise som Sigrid lærte av bestefar sin, Hårek Flatekval (1899-1984) frå Eksingedalen. Teksten har vore brukt som rim og regle, og me finn den på riksmål i Norsk billedbog for børn (Holst, 1903). Holst skriv i boka at han lærte den av «en liden pige» og at han endra litt på den (Holst, 1903:33).
Kråkevisa
«Kråkevisa» er første verset i mellomalderballaden «Mannen og kråka». Johannes Møllerup lærte den frå far sin, Nils, og tantene sine Brita og Elisabeth Møllerup. Balladen finst i mange variantar over heile landet og det er registrert heile 131 tekstvariantar i dokumentasjonsprosjektet Balladearkivet 1997 ved Universitetet i Oslo (TSB f058). Dei fleste i dag kjenner nok best versjonen i songbøkene om mannen som gjekk seg i vedaskog.
Laongt dar auster i Kraokelund
«Langt der auster i Kraokelund» vart nedteikna av Olav Sande (1850-1927) i Eivindvik i Gulen. Songen er med i boka Norske tonar fyr heim og skule, band 1 (Sande, 1905:14-15) (nr.27c). I boka til Sande er det med så mange som 10 variantar av denne songen frå ulike stader i gamle Hordaland og Sogn og Fjordane. Verset har levd i folketradisjonen som eit barnevers, men det høyrer til mellomalderballaden «Ramnebryllupet i Kråkelund» (TSB f068) som er ei skjemteballade.
Lever og mort
«Lever og mort» er noko så sjeldan som eit slåttestev til ein trommeslått. Dette verset skulle vera til hjelp når dei skulle lære rytmen i slåtten, og teksten tyder eigentleg ikkje noko. Truleg har ein vald ord som liknar lyden i tromma.
Lita sat i haugå
«Lita sat i haugå» er eit barnevers som har eit tekstmotiv som me gjenkjenner frå mellom anna fleire huldrelokkar (sjå m.a. Kvandal, 2000:156-157). Soga seier at det er huldra som syng dette verset til budeia som har forsove seg (Kvandal, 2000:156).
Lit`n, lit`n småkar
«Lit`n, lit`n småkar» er eit barnevers som me ikkje har høyrd i denne forma før, men der me gjenkjenner element frå andre songar.
Man`n sa te kåno si
«Man`n sa te` kåno si» er eit barnevers som finst i mange variantar fleire stadar i Hordaland, mellom anna på Laksevåg i Bergen. Hjå Støylen finn me dette verset under namnet «Den sunde buksa» (Støylen, 1899) og han skriv at den finst i både Hordaland, Ryfylke og på Austlandet.
Mari, Mari Nipa
«Mari, Mari Nipa» er eit barnevers som Bergljot har lært etter farfaren sin, Mons H. Lyssand. Verset song dei når dei laga seljefløyte om våren og skulle ta borken av den. Dei banka på borken med skaftet av kniven medan dei song. Dei magiske orda i songen skulle få borken til å løyse. Slike magiske vers finst over heile landet (sjå t.d. Ledang, 2022:36).
Ola`n kveikte i pipo si
«Ola`n kveikte i pipo si» er eit barnevers som me kjenner frå mellom anna Bømlo. Kari Grete lærte verset av onkelen sin, Ole Heimark. Melodien og variantar av denne finst i folketradisjonen med mange ulike tekstar, mellom anna «Skjære, skjære havre», «Bro, bro brille» og «Ro, ro til fiskeskjær».
Pusekatt, kor låg du i natt (Lindås)
«Pusekatt, kor låg du i natt» er ein variant av den meir kjente «Lille pusekatt» som er ein av dei mest kjente barnesongane i vår tid.
Pusekatt, kor låg du i natt (Meland)
«Pusekatt kor låg du i natt» er ein variant av den meir kjente «Lille pusekatt» som er ein av dei mest kjente barnesongane i vår tid.
Pusekatt`n sete på takje
«Pusekatt`n set oppå takje» er eit barnevers som er kjent over heile landet og som eigentleg er eit vers frå ei gamal mellomalderballade som heiter «Katten ligg sjuk».