Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Pust, pust, palebrok og pust

«Pust, pust, pust, pust palebrok og pust» er eit slåttestev til ein variant av reinlendaren «Rugen»/«Sjuaren» som har fått namna sine frå to kjende turdansar.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Reven han sat oppi såte

«Reven han sat oppi såte» er eitt av dei mest populære barneversa våre, og finst i svært mange variantar over heile landet.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Reven og rotto og gris`n

«Reven, rotto og gris’n» er eit barnevers som har følgd oss i mange år og som me ikkje lenger veit heilt kor me lærte.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Reven sat i sete (Lindås)

«Reven sat i sete» er eitt av dei mest populære barneversa våre, og finst i svært mange variantar over heile landet.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ro og rikka

«Ro og rikka» er ein voggesong som dei song for å få barnet til å kome i søvn.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ro, ro på fjord`n

«Ro, ro på fjorden» er eit barnevers som finst i svært mange ulike variantar over heile landet. Mest kjent i dag er nok «Ro, ro til fiskeskjær».

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ro, ro Ralte

Melodien finst i folketradisjonen med mange ulike tekstar, mellom anna «Skjære, skjære havre», «Bro, bro brille» og «Ro, ro til fiskeskjær». Den er også brukt av kjente forfattarar, til dømes til «Bekken går i enge» («Renlighed») av Henrik Wergeland (Wergeland, 1850) og «Kveld-sang for Blakken»/ «Fola, fola Blakken» frå Nordahl Rolfsens lesebok (Rolfsen, 1906).

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ro, ro Relte

Melodien finst i folketradisjonen med mange ulike tekstar, mellom anna «Skjære, skjære havre», «Bro, bro brille» og «Ro, ro til fiskeskjær».

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ro, ro rikke

«Ro, ro rikke» er eit lite, tøysete barnevers for leik og moro. Det finst i svært mange ulike variantar, og det mest kjente i dag er nok «Ro, ro til fiskeskjær».

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ro, ro te Baltaskjer

«Ro, ro te Baltaskjer» er eit barnevers som finst i svært mange ulike variantar over heile landet. Mest kjent i dag er nok «Ro, ro til fiskeskjær».

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ro, ro te` Fiskeskjær

«Ro, ro te Fiskeskjær» er eit barnevers som finst i mange variantar over heile landet. Verset etter Jonas Herdlevær finn me som vers to i den i dag meir kjente varianten der ein fiskar til mor, far, søster og bror, og til barnet. Me finn begge versa i Norsk læsebog frå 1868 (Eriksen, 1868:40).

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ro, ro te Relteland

«Ro, ro te` Relteland» er eit barnevers som finst i ulike variantar i heile landet. Hjå Støylen finst ein versjon frå Telemark der tekst og melodi er svært lik denne (Støylen, 1899). Her i Barnesongboka finn du elles «Ro, ro Relte» etter Gunnar Hosøy, «Ro, ro Ralte» etter Mariann Andresen frå Samnanger og «Roane, roane relte» etter Wenche Berg Husebø frå Alver/Askøy. Desse har ein annan melodi enn denne frå Bjørnafjorden.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ro, ro te Siraland

«Ro, ro te Siraland» er eit barnevers som finst i mange ulike variantar. Me veit også at den har vorte sunge i mellom anna Sund.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Roane, roane Relte

«Roane, roane Relte» er eit barnevers som finst i svært mange ulike variantar i heile landet. Her i Barnesongboka finn du ein versjon om «Ro, ro Ralte» etter Mariann Andresen frå Austevoll, «Ro, ro Relte» etter Gunnar Hosøy frå Alver, samt «Ro, ro te` Relteland» etter Bergljot Helene Lyssand Bjørø frå Bjørnafjorden. Melodien etter Wenche og melodien frå Bjørnafjorden skil seg frå dei andre som går på den meir kjente «Ro, ro til fiskeskjær»-melodien.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Rojen

«Rojen» er eit slåttestev til ein variant av reinlendaren «Rugen»/ «Sjuaren» som har fått namna sine frå to kjende turdansar.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ser du`kje, ser du `kje geit`na mine

«Ser du `kje, ser du `kje geit`na mine» er ein geitelokk og høyrer til songane som var knytt til stølslivet. På somrane sendte dei ofte dyra til fjells på stølen (sætra). Det var budeia som hadde ansvar for å passa på dyra, og ho mjølka, kinna smør, kokte mat, vaska kle og kjerald, henta ved og stelte med andre oppgåver som skulle gjerast.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ser du nåke te søtebødna mina

«Ser du nåke te` søtebødna mina» er ein geitelokk og høyrer til songane som var knytt til stølslivet. På somrane sendte dei ofte dyra til fjells på stølen (sætra). Det var budeia som hadde ansvar for å passa på dyra, og ho mjølka, kinna smør, kokte mat, vaska kle og kjerald, henta ved og stelte med andre oppgåver som skulle gjerast. Dyra vart sleppt ut på beite om morgonen etter mjølking, og kom tilbake på kvelden. Dersom dei ikkje kom sjølv, måtte budeia lokka på dei for at dei skulle koma.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

Ser du nåke til litle, grå geita

«Ser du nåke til litle, grå geita» er ein geitelokk. Dei første taktane av melodien har mykje til felles med første veket til slåtten «Halling frå Tysnes». Det finst ein versjon av teksten hjå Støylen frå Sunnfjord (Støylen, 1899) der den heiter «Den store, grå geita». Geitelokkane høyrer til songane som var knytt til stølslivet.

Read More
Eivind Antoniazzi Eivind Antoniazzi

So bleis han øpp ein norrvestevind

«So bleis han øpp ein norrvestevind» er eit lite barnevers som går i masurkatakt. Bjørndal fortel på opptaket at det er ein gamal leik. Songen er kjent mellom anna frå Hålandsdalen etter Kristine Sjurseter, samt i Solund og Jølster i tidlegare Sogn og Fjordane (jf. Norsk folkemusikksamling).

Read More